Kartutsnitt

Arbeidet med ny Ara bru startar i veke 29

Prosjekt med ny bru over Hopra ved Ara er godkjent av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Arbeidet har tidlegare vore ute på anbod. Hovudentreprenør for tiltaket vert Røyrvik Bygg og Betong AS, og dei har med seg underentreprenør på grunnarbeid Vidar Lundeland AS. 

Kartutsnitt
Kartutsnitt

Plassering av brua vert i hovudsak som i dag (litt lengre oppstraums), sjå vedlagde teikning. Det vert ei plass-støypt betongbru med lysopning ca. 7,5 m, planlagt av Asplan Viak AS. Overkant bru vert senka 10 cm på austsida, og heva maks. 30 cm på vestsida. Ved at ein unngår det midtre brukaret i dagens bru, og aukar høgda noko på vestsida, vil kapasiteten for løpet verta auka vesentleg, med tanke på framtidig auka flaumfare.

I tillegg til ny bru, vert det omlegging og utbetring av ein del vatn- og avløpstekniske installasjonar, om omlegging av elektriske installasjonar/tele.

Prosjektet vil komma i gang i løpet av dei næraste dagane. I byggeperioden vil det verta noko ulemper for dei som til vanleg brukar brua, men me vil prøva gjera desse ulempene minst mogleg. Entreprenør vil laga framdriftsplan for heile arbeidet. Det er til no diskutert eit foreløpig opplegg, som er skissert av hovudentreprenør:

  • Veke 29: Oppstart, med omlegging av vassledning til privat hus.
  • Veke 30: Riving av den gamle brua, og oppstart graving/muring på austsida (Ara-sida). Trafikken vil kunna gå som normalt på vestsida, både bil og gangtrafikk.
  • Veke 31: Tillaging av midlertidig gangbru. Trebru med breidde ca. 1 m. Det er gjort avtale med Svendsen og Rieber/Klarholm at brua kan leggjast inn på deira eigedom, på sørsida av den gamle tørka og tvers over.
  • Veke 31: Oppstart graving på vestsida, først med omlegging av VA/El/Tele. Deretter graving for fundament på denne sida. Vegen på vestsida av brua vert då stengd ein periode. Me skal melda frå til AMK, posten, Simas om dette. Viss de har bruk for bilen i denne perioden, må denne parkerast utafor anleggsområdet. Me prøver å gjera denne perioden så kort som mogleg, fram til betongarbeidet med landkar (fundament) og muring langs elva på denne sida er ferdig. Sannsynleg mot slutten av august (veke 35).
  • Arbeidet med sjølve bruspennet vert frå slutten av august og utover i september. Ferdig prosjekt anteke den 13. oktober, med opning for gang- og biltrafikk.

Evt. endringar eller annan informasjon vil ein komma tilbake til etter kvart. Prosjektleiar for byggherre i utføringsfasen vert Nils Gunnar Finne. – Dei som leiger ut hus, og har leigebuarar, vert bedne om å informera desse.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut