Automatisk freda kulturminne - løyve til inngrep

Generelt

Beskrivelse

Har du fått løyve til å gjere inngrep i eit automatisk freda kulturminne på eigen eigedom, kan du få pålegg om at det skal gjerast arkeologiske undersøkingar før du set i gang tiltaket. Ved mindre private tiltak skal staten dekkje utgiftene heilt eller delvis dersom desse blir urimeleg tyngjande. Automatisk freda kulturminne er kulturminne datert før år 1537 eller samiske kulturminne eldre enn 100 år.

Målgruppe

Private eigarar og forvaltarar av automatisk freda kulturminne og kulturmiljø.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Riksantikvaren
aaa

Serviceerklæring

___

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Ta kontakt med Riksantikvaren dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga.

Vedlegg

Forklaring av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi, og dessutan kostnadsoverslag.

Søknaden sendes til

Riksantikvaren, Postboks 8196 Dep, 0034 Oslo

Saksbehandling

Riksantikvaren skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til Riksantikvaren før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Riksantikvaren innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom Riksantikvaren lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Miljøverndepartementet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

___

Andre opplysninger

Dato oppdatert
2012-04-24 15:39

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Web levert av CustomPublish AS