Vik kommune har 10 omsorgsbustader i Vik. Desse ligg med kort avstand til Vik bygde-og sjukeheim, og helsetunet med lege og tannlege.
Omsorgsbustadene er knytt saman med felles gang, og har tilgang til felles rom; Vik velferdssenter.
Bygget vart ferdigstilt i år 2000.
Open omsorg yter tenester etter individuelle behov til dei som bur i omsorgsbustadene.
Vik kommune disponerer også 9 omsorgsbustader i Fresvik, Fresvik omsorgssenter. Desse bustadene er òg knytt saman med fellesareal. Det er fast personale knytt til bustadene heile døgeret. Ansvaret for tenestene ligg under open omsorg.
Ved leige av desse bustadene, vert det skrive husleigekontrakt. Pris for leige vert kvart år bestemt av kommunestyret.
Inntaksnemnda for pleie- og omsorgstenester tildeler bustad etter enkeltvedtak.
Søknad kan sendast til:
Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Du finn og søknadsskjema her (pdf)