Barselgrupper
Generelt
Beskrivelse
Barselgrupper er eit opplysnings- og rettleiingstilbod til nye foreldre. De kjem saman på helsestasjonen i lag med helsesyster. Mellom dei temaa ein kan ta opp i gruppene, er
- amming
- barnestell
- kosthald
- utviklinga til barnet
- førebygging av ulukker
- samliv
Målgruppe
Nye foreldre
Pris for tjenesten
Tenesta er gratis.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
aaa
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Når du har født, blir du kontakta av helsestasjonen, som vil gje deg tilbod om å vere med i barselgruppe. Du kan også sjølv ta kontakt med helsestasjonen.
Klagemulighet
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du klage til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør forklare kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Som mottakar av helsetenester kan du etter pasient- og brukarrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.
___Andre opplysninger
- Dato oppdatert
- 2012-01-27 13:19