Bedrift og etablering

Kommunalt næringstilskot
Vik kommue gjev rettleiing og tilskot til nye og etablerte bedrifter. Søknadane vert særskild vurdert og prioritert etter fylgjande kriterier:

  • Sysselsetjingseffekt
  • Økonomien i prosjektet
  • Samarbeidspotensiale
  • Innovasjons- / nyskapingsgraden

Midlane til tilskot kjem frå konsesjonskraft-inntekter og vert løyvd etter reglane for Tilskot til næringsføremål mm.

I mange høve gjev og Vik Sparebank tilskot etter desse reglane. Etablerarar kan få inntil 10 timar ekstern rettleiing dekka av kommunen.Ta gjerne kontakt med kommunen før du sender søknaden.

Bygdeutviklingsmidlar
Kommunen hjelper til med søknader som gjeld Bygdeutviklingsmidlar. Dette er midlar avsett over jordbruksavtalen for å fremja lønsam og bærekraftig næringsutvikling i og i tilknytning til landbruket.
Her er lenk til Fylkesmannen sin Strategi for landbruksrelatert nærings- og bygdeutvikling.

På Innovasjon Norge sine nettsider er mykje nyttig informasjon for alle typar bedrifter.

Regionalt næringsfond Vik-Voss (RNF):
Aurland-Vik-Voss samarbeidsråd (VVS) har fondsmidlar til næringsutvikling. Midlane er løyvde av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar.VVS er ansvarleg for å forvalta midlane.
Med bakgrunn i føringar frå stat og fylkeskommune, har VVS utarbeidd eigne retningsliner for forvaltning av fondet.

RNF skal medverka til å løysa ut verdiskapingspotensiale i Vik-Voss region ved å leggja til rette for, og støtta næringsutvikling og etablering i regionen med hovudvekt på landbruk, reiseliv og kultur. Investeringar i bygg/faste installasjonar og ordinær drift vil ikkje få støtte via RNF.

Nærare opplysningar får de ved å venda Dykk til Vik kommune ved rådmann Oddbjørn Ese, oddbjorn.ese@vik.kommune.no, eller Voss kommune ved næringssjef Anders Gjøstein,
anders.gjostein@voss.kommune.no

Retningsliner regionalt næringsfond
Vedtekter regionalt næringsfond

Vik kommune sitt kraftfond
Fondet skal nyttast til å fremje etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i Vik kommune. Fondet kan også nyttast til investering i kommunale fellestiltak som
er med på å tilretteleggja for utvikling av næringsverksemd. Kommunen sitt tiltaksapparat retta mot næringsutvikling kan også finansierast frå fondet.

Det er utarbeidd eigne vedtekter for forvaltning av kraftfondet. Desse vedtektene er vedtekne i Vik kommunestyre og godkjende av Fylkesmannen.

Vedtekter Vik kommune sitt kraftfond
 

Kontaktinformasjon

Rådgjevar landbruk
Arne Skeie

Telefon: 57 69 82 33
Telefaks: 57 69 82 01

Postadresse:
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
postmottak@vik.kommune.no

Besøksadresse:
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Organisasjonsnummer
937 498 764

Web levert av CustomPublish AS