Kart

Bestill høgkapasitet breiband i Arnafjord

Kommunen oppmodar alle med eigedom i Arnafjord, og alle med eigedom på strekninga Vik-Eitreneset, om å inngå intensjonsavtale med kommunen, slik at framtidsretta breibandstilbod kan etablerast også i dette området.

Vik kommune har fått 1.062.000,- kroner i statleg støtte til å byggja høgkapasitet breiband i Arnafjord. I tillegg har kommunen løyvd 3.000.000,- til prosjektet. Prosjektet har vore lyst ut på offentleg anbod, men kommunen fekk ikkje inn tilbod innan fristen. Kommunen forhandlar no med to aktuelle leverandørar om utbygging av fiber-basert nettverk, eventuelt i kombinasjon med høgkapasitet radiolinkar. For at anlegget skal bli realisert, og for å få så høg kvalitet som mogeleg, må me snarast ha bindande tingingar frå eigarar av eigedommar og verksemder i utbyggingsområdet. På grunn av store avstandar blir det planlagde anlegget svært kostbart, og etableringsgebyret er sett til kr 10.000,- for kvar tilknyting.

Kommunen sitt mål er at ferdig anlegg skal gi:

  • Alle tilbod om internett-tilkopling med minst 100 Mbit/s, både oppstraums og nedstraums
  • Bedra TV-tilbod, enten som strauming via nett-tilbodet eller TV levert av utbyggjar
  • Meir stabil kommunikasjon i periodar med ekstremver og stengde vegar

Kommunen arrangerte informasjonsmøte på Valsvik skule torsdag 16.3.2017 på og hovudbudskapet var:

Toget går nå! Hjelp oss å skapa engasjement, slik at kundegrunnlaget blir stort nok til å få prosjektet realisert.

For tinging: Fyll ut tilsendte intensjonsavtale, eller last ned og fyll ut intensjonsavtale nedanfor. Intensjonsavtalen kan leverast på kommunehuset eller sendast til:

Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

For meir informasjon: kontakt prosjektleiar Geir Svendsen på telefon 918 49 773, eller på e-post geir.svendsen@vik.kommune.no

Dokument:

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut