Buplikt ved kjøp av eigedom

Generelt

Beskrivelse

Dersom du ønskjer å kjøpe eit bustadhus og du ikkje vil forplikte deg til at nokon skal bu der, må du søkje om konsesjon. Kommunen ønskjer å leggje til rette for levande lokalsamfunn og sikre busetjinga ved at bustadeigedommar i størst mogleg grad blir nytta som heilårsbustader.

Målgruppe

Bustadkjøparar i område med nedsett konsesjonsgrense (buplikt)

Kriterier/vilkår

Du må søkje konsesjon ved kjøp av:

  • Utbygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
  • Eigedom med bustadbygging som ikkje er teken i bruk som heilårsbustad, i område som er regulert til bustadføremål (gjeld også eigedom med busetnad under oppføring
  • Tomt utan oppført bustad som er regulert til bustadføremål

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Serviceerklæring

___

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du sender søknad om konsesjon til ordføraren. Søknaden skal mellom anna innehalde opplysningar om kjøparen, eigedommen og formålet med kjøpet.

Skjema

Skjema SLF-359


Statens landbruksforvaltning (forkjellige skjema)

Søknadsfrist

Innan fire veker etter at avhendinga er gjort eller at du har fått råderett over eigedommen

Saksbehandling

Kommunen vil gjere eit vedtak. Forhold som vil bli vurderte, er mellom anna 

  • Kor eigedommen ligg og om området eigedommen ligg i er eit utprega fritidsområde
  • Kor lang tid det er gått sidan eigedommen blei brukt som heilårsbustad og kor lenge han blei brukt som heilårsbustad
  • Om ein kan rekne med at andre vil kjøpe eigedommen for å bruke han som heilårsbustad

Innvilga konsesjonssøknad skal følgje skøytet til tinglysing for at du skal få heimel på eigedommen.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp Kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette.

Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

___

Andre opplysninger

Dato oppdatert
2011-09-08 10:09

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Web levert av CustomPublish AS