Bustadtilskott til etablering
Generelt
Beskrivelse
Du kan søkje om bustadtilskott til etablering dersom du har dårleg økonomi og treng hjelp til å skaffe deg ein nøktern og eigna bustad. Tilskott kan du òg få dersom du treng å utbetre bustaden din. Ordninga er behovsprøvd. I spesielle tilfelle kan tilskottet òg brukast til refinansiering for å kunne behalde bustaden, gjerne i kombinasjon med startlån.
Målgruppe
Målgruppe er mellom anna
- funksjonshemma
- flyktningar
- unge i etableringsfasen
- sosialt vanskelegstilte
Kriterier/vilkår
Bustaden skal vere nøktern, både når det gjeld storleik og kostnader. Vidare skal bustaden vere godt eigna for ei eventuell funksjonshemming.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
aaa
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Søknaden skal skrivast på skjema HB 7.S.13. Blanketten får du frå kommunen eller frå lenkja nedanfor.
Skjema for søknad om bustadtilskot til etablering får du ved Nav Vik.
Skjema
Bustadtilskot - søknadskjema
Vedlegg
- Uttale om forventa inntektsutvikling over tid
- Kopi av likningsutskrifta frå det siste året
- Oppgåve over eventuell eigenkapital (kontantar, bankinnskott eller midlar som ein kan frigjere gjennom sal av bustad eller anna)
- Sosialrapport, legeerklæring eller annan dokumentasjon på den særleg vanskelege situasjonen til husstanden
Saksbehandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Grunngje dette eventuelt med nye opplysningar. Klagenemnda i kommunen er klageinstans.
___Andre opplysninger
- Dato oppdatert
- 2011-09-26 14:05