Dagmamma - godkjenning
Generelt
Beskrivelse
Dersom du ønskjer å vere dagmamma for tre born eller fleire og kvar veke tilby opphaldstid på ti timar eller meir regelmessig, må du ha godkjenning av kommunen.
Verksemda skal ta omsyn til helsa og trivselen til borna. Det blir mellom anna stilt krav til
- utforminga og innretninga av lokala
- moglegheiter for aktivitet og kvile
- reingjering og vedlikehald
- inneklima
Målgruppe
Personar som ønskjer å starte dagmammaverksemd
Kriterier/vilkår
- Det skal vere tre eller fleire born (inkludert eventuelle eigne born)
- Opphaldstida er ti timar eller meir i veka
- Verksemda er regelmessig
- Det blir tatt betalt for tilsynet
Partnere
Foreldre som ønskjer dagmamma for sitt barn, har nytte av å vite om ei aktuell dagmamma er godkjend av kommunen og eventuelt vere pådrivar for å framskaffe ei slik godkjenning.
aaa
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Ta kontakt med kommunen for å få meir informasjon om korleis du skal søkje om godkjenning. Søknaden bør innehalde ei kort utgreiing for korleis verksemda vil etterleve dei ulike føresegnene i forskrifta.
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Klagemulighet
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
___Andre opplysninger
- Dato oppdatert
- 2011-09-08 10:50