Transporttenester dør til dør kort

Føremål med tenesta

Tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Det er ein intensjon å prioritere personar med livslang forflyttingshemming.

Kven får tenesta

Personar som har vesentlege vanskar med å nytte vanlege kollektive transportmidlar.

Korleis få tenesta

Søknadskjema for utfylling

Du kan og kontakte tenestetorget i kommunen for å få utlevert søknadsskjema

Kva omfattar tenesta

Drosjetransport til fritidsreiser for personar med varig forflyttingshemming.
Tilbodet skal ikkje nyttast til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som vert dekka av folketrygda.

Kva kan eg forvente

Få tilsendt vedtak frå kommunen, magnetkort, reisekupong med reisesum og brukargodkjenning.

Ein brukar blir godkjend for eit år, men ny årleg søknad er ikkje naudsynt.

Når ting ikkje fungerer

Kontakt Vik kommune, tenestetorget
Telefon: 57 69 82 81

Plikter til brukar

Magnetkort og reisekupong skal nyttast saman og leggjast fram til drosjesjåfør.

Tap av magnetkort må meldast frå om til tenestetorget.

Pris

Brukaren betalar 20% eigendel direkte til sjåføren, maksimal eigendel som brukar skal betale er kr 30,-.

Heimelsgrunnlag

Klage

Klage kan sendast til Vik kommune, tenestetorget.

 Fykeskommunen kan gi rettleiing

Kontaktinformasjon

Tenestetorget v/Hilde-Gunn Hellen Telefon 57 69 82 81 E-post hilde.gunn.hellen@vik.kommune.no

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Web levert av CustomPublish AS