Farleg avfall
Generelt
Beskrivelse
Kommunen skal sørgje for at det finst mottak der du kan levere farleg avfall. Pass på at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om innhaldet. Farleg avfall er avfall som ikkje kan handterast saman med anna hushaldsavfall fordi det kan føre til alvorleg forureing eller skade på menneske og dyr.
Døme på farleg avfall frå hushald er:
- Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
- Oppladbare batteri (eiga returordning)
- Maling, lim, lakk, løysemiddel og sprayboksar som inneheld farlege stoff
- Materiale som inneheld asbest
- Isolerglassruter som inneheld PCB (eiga returordningr)
- Impregnert trevirke
- Ulike elektroniske og elektriske produkt (eiga returordning)
Målgruppe
Hushald og verksemder med mindre mengder farleg avfall
Kriterier/vilkår
Kommunen si plikt avgrensar seg til å motta inntil 400 kg totalt per år per avfallseigar. I tillegg har kommunen plikt til å motta inntil 500 kg PCB-haldige isolerglassruter per år per avfallseigar.
Pris for tjenesten
For hushald er det gratis å levere farleg avfall. Renovasjonsavgifta dekkjer dette. Verksemder må betale gebyr når avfallet blir levert.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
aaa
Andre opplysninger
- Dato oppdatert
- 2011-08-25 15:05