Deling av eigedom
Ved deling av eigedom, vert eit areal av ein eksisterande eigedom frådelt og oppretta som ein eigen eigedom med eit eige matrikkelnummer (gårds- og bruksnummer). Den nye eigedomen vert registrert i grunnboka og i matrikkelen.
Dersom delar av ein eigedom skal bygslast/festast vekk for lengre tid enn 10 år, skal denne delen opprettast som ein eigen eigedom med eige matrikkelnummer. Den nye eigedomen vert registrert i grunnboka og i matrikkelen.
Tenesten er gebyrbelagt.
Kven kan søkja om deling?
- Heimelshavar til eigedomen, eller den som er gitt slik fullmakt. Original fullmakt må då leggjast ved søknaden
- Gjeld det festetomt, må både heimelshavar og festar underteikne
- Ved frådeling av sameige, må samtlege heimelshavarar undertekne
- Advokatar kan underteikne søknad utan fullmakt
- Når eit firma er heimelshavar, må signatur vera i samsvar med firmaattesten. Firmaattesten (ikkje eldre enn ½ år) må leggjast ved søknaden
Søknad om deling skal innehalde:
- Søknadsskjema skal påførast matrikkelnummer (gnr/bnr) og adresse for den eigedomen som skal delast. Det skal kryssast av i alle rubrikker som angir kva søknaden gjeld. Søknaden skal underskrivast av samtlege heimelshavarar
- Kart med påteikning om kva areal det gjeld
- Nabovarsel
- Dokumentasjon på at vilkåra for veg, vatn og avlaup er oppfylt (sjå vilkår nedafor)
Følgande vilkår må vera oppfylt:
- Ei frådeling må vera i henhold til gjeldande arealplan
- Tomta si form og storleik må vera skikka til bygging. Dette gjeld både for ny eigedom og for avgivareigedomen
- Ein eigedom kan berre delast dersom ny byggetomt er sikra lovleg tilkomst og avkøyrsel til offentlig veg
- En eigedom kan berre delast dersom ny byggetomt er sikra lovleg bortleiing av avløpsvatn
- Vert det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, eller eigedom i landbruksområdet, må søknaden også handsamast av landbruksmyndigheita etter jordlova § 12
Vedtak etter plan- og bygningslova
Vedtaket blir gjort med heimel i Pbl. Har søknaden også vore handsama av landbruksmyndigheita skal vedtak fattast med heimel i jordlova. Vedtak skal sendast til søkjar med kopi til eventuelle partar som har hatt merknad til søknaden.
Oppmålingsforretning
Når delingstillatelse blir gitt og eventuelle vilkår for deling er oppfylt, skal eigedomen oppmålast. Heimelshavar og eigarane til tilgrensande eigedomar får skriftleg varsel minst to veker før oppmålingsforretningen finn stad. Det skal førast ein protokoll der det framgår kven som møtte, om det var semje/usemje i påviste grenser og eventuelt andre forhold som kom opp under oppmålingsforretninga.
Innføring i matrikkelen og tinglysing
Etter oppmålingsforretningen førast den nye eigedomen (ny matrikkeleining) inn i matrikkelen og sendast til Statens kartverk for tinglysing saman med evt. naudsynte erklæringar.
Når den nye eigedomen (matrikkeleininga) er tinglyst, skal kommunen utferda eit matrikkelbrev som skal sendast den som har rekvirert frådelinga.
Gebyr
Det er gebyr på handsaming av delingssaker, sjå kommunen sitt gebyrregulativ for kart- og oppmålingsarbeid.
Tinglysingsgebyr kjem i tillegg.
Søknadsskjema
Statens kartverk er ansvarleg for utarbeiding og godkjenning av skjema.
- Søknad om deling etter plan- og bygningslova § 20-1 bokstav m.
Rekvisisjon av oppmålingsforretning - Søknad om deling som ikkje krev handsaming etter plan- og bygningslova, byggesakshadsaming.
Rekvisisjon av oppmålingsforretning
Klage
Vedtak som vert gjort i delingssaker, kan påklagast av berørte parter 3 veker etter at vedtaket er gjort kjent. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen. Det kan ikkje klagast på forhold som er gjort bindande i reguleringsplan eller ved dispensasjon.
