Vik Formannskap vedtok i sak 114/11 å leggja ut planen til offentleg ettersyn .
Planområdet på ca 47 da omfattar Hopperstadtunet og Hopperstad stavkyrkje med næraste omland. Planen er ei detaljering og justering av gjeldande plan frå 2009.
Viktige mål er å ta vare på kulturminneverdiane i området, og leggja til rette gode løysingar for gjestetrafikken til stavkyrkja og bumiljøet i tunet.
Partar i planområdet får plandokumenta tilsende.
Merknader til planforslaget må vera innkomne til
Vik Kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Eller til Vik kommune sitt postmottak:
postmottak@vik.kommune.no
innan 15.11. 2011.
Bakgrunn/ planprosess:
Reguleringsplan for området Hove-Moahaugane- Hopperstad ,vedteken 5.5.2009,
omfattar eit stort område, og gjev ikkje fullgod avklaring på arealbruken i det tette kulturminneområdet i og rundt Hopperstadtunet og Hopperstad stavkyrkje.
Det er i føresegnene til planen pkt.9 sett krav til vidare bearbeiding av dette området i ein utbyggingsplan for eit nærare avgrensa område på Hopperstad.
I ny Plan og bygningslov av 1.7.09 er utbyggingsplan erstatta av detaljreguleringsplan (§12-3).
Oppstart av planarbeid vart varsla i Sogn Avis og med brev av 12.8.2010 til partar og høyringsinstansar. Det vart registrert 6 merknader.
Eit førebels planforslag vart sendt til partar og høyringsinstansar i brev av 24.2.2011, til uformell høyring. Det vart registrert 4 merknader.
Merknader til oppstartvarsel og uformell høyring er omtalte og kommenterte i vedlagt dokument: Planomtale, vedlegg 2 . Merknader er lagt til grunn for endeleg planforslag. Alle merknader fylgjer som vedlegg til saka.
Planen er utarbeidd av Vik Kommune v/ sivilarkitekt Ottar Wiik.
Plankart og illustrasjonar er laga av Arkitektfirma Jon Vikøren AS v/ sivilarkitekt Turid Brekke, i samarbeid med
Ottar Wiik.
Reguleringsføresegner av 16.9.2011
Planomtale
Plankart av 16.9.2011 1 A3(evt.A2)
Illustrasjonsplan av 16.9.2011
Innkomne merknader
Utsnitt av reguleringsplan for Hove-Moahaugane-Hopperstad av 2009