Grunnskuleopplæring for vaksne

Generelt

Beskrivelse

Du som er over skulepliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring og kan søkje om dette. Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet ditt. Det gjeld både omfang, lengd og tidspunkt for undervisninga. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med born og unge.

Pris for tjenesten

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Serviceerklæring

___

Praktiske opplysninger

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Sjølv om det finst ein individuell rett til opplæring, må kommunen få rimeleg tid til å planleggje tilbodet. Dette inneber at du må akseptere at det kan ta ei viss tid før opplæringstilbodet blir etablert.

Klagemulighet

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har motteke vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

___

Andre opplysninger

Dato oppdatert
2011-08-24 12:12

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Web levert av CustomPublish AS