Heimesjukepleie

Føremål med tenesta

Heimesjukepleien skal vera med på å fremme helse, førebyggja sjukdom, skade eller lyte. Vidare er målet å oppretthalde livskvalitetet ved at tenestemottakar får bu i eigen heim så lenge som det er ynskjeleg og praktisk mogeleg.

Kven får tenesta

Alle som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen har rett på naudsynt helsehjelp. Heimesjukepleie kan vera ein måte å gi slik helsehjelp. Det gjeld personar med akutt skade eller sjukdom, personar med kronisk sjukdom eller funksjonssvikt, personar med pleie- og omsorgsbehov som dei sjølv ikkje kan meistra.

Korleis få tenesta

Kommunen sitt søknadskjema eller ved å ta munnleg kontakt med tenesta. Lege eller andre avdelingar i kommunen kan henvise. Henvisning kan også koma frå sjukehus eller andre deler av spesialisthelsetenesta eller frå andre kommunar.

Kva omfattar tenesta

Tenesta tar utgangspunkt i søkjar sitt behov for naudsynt helsehjelp. Døme er hjelp til personleg hygiene, påkledning, administrering av medisin, sårstell, samtale/psykisk støtte, aktivisering, veiledning, tilsyn m.m. tenesta omfattar berre den i hushaldet som det er søkt teneste for.

Kva kan eg forvente

Det er mogeleg med tettast oppfølging på dagtid. På kveld /natt er tenesta mest utbygd i sentrale strok i kommunen. Tenesta vert gitt på det tidspunkt som er best tilpassa for brukaren og som er tilpassa den til ei kvar tid kapasitet i tenesteområdet.

Når ting ikkje fungerer

Me vil snarast mogeleg ha tilbakemelding når tenesta ikkje fungerer slik det er gjort vedtak / lovnad om; eller om hjelpebehovet har endra seg. Ta kontakt med ansvarleg leiar for tenesta, evt. med overordna leiing om det er naudsynt. Slik melding kan gjevast munnleg eller skriftleg.

Plikter til brukar

Tenesta vert gitt på dei vilkår at arbeidsmiljøet til tenesteytarane vert ivaretekne. Tenestemottakar pliktar å samarbeida slik at hjelpemiddel kan nyttast og at det på alle måtar er trygt å yte hjelp i den private heim. Tenestemottakar pliktar også å melde frå dersom ein ikkje er heime og hjelpa ikkje er naudsynt.

Pris

Heimesjukepleie er gratis.

Heimelsgrunnlag

Lov om helseteneste i kommunane Pasientrettighetslova Forvatningslova Helsepersonellova

Klage

Det er klageadgang på vedtak om heimesjukepleie. Klagefristen er 3 veker. Nærare orientering om klagebehandlinga framgår av vedtaket.

Kontaktinformasjon

Søknad vert å senda til: Omsorgstenesta, Vik kommune pb 134, 6891 Vik i Sogn

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Web levert av CustomPublish AS