Helsetenestetilbod til innsette i fengsel
Generelt
Beskrivelse
Det er eit viktig prinsipp at innsette i fengsel har rett til dei same helse- og omsorgstenestene som resten av befolkninga har. Tilbodet skal vere tilpassa behova til den enkelte. Retten til nødvendig helsehjelp tyder ikkje at ein har rett til eit bestemt medikament eller ei bestemt behandling, for eksempel vanedannande legemiddel mot sømnproblem. Her som utanfor fengselet er det faglege vurderingar som skal leggjast til grunn. Kommunen som fengselet ligg i, skal sørgje for at innsette har tilgang på
- allmennlegeteneste
- legevaktordning
- sjukepleieteneste
- fysioterapiteneste
- jordmorteneste
Tilbodet omfattar blant anna
- helseundersøkingar
- utarbeiding av individuell plan
- legemiddelassistert rehabilitering
- tannbehandling
- førebyggjande tiltak
- tilrettelegging for tida etter frigjeving
Pris for tjenesten
Tenesta er gratis. Unnataket er omfattande tannbehandling, som den innsette må betale sjølv.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Partnere
- Helse- og omsorgsdepartementet
- Helsedirektoratet
- Statens helsetilsyn
- Fylkeskommunen
- Dei regionale helseføretaka
- Kriminalomsorga
- Nav
- Barnevernstenesta
aaa
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Den innsette skal så raskt som mogleg etter fengsling få informasjon om helse- og omsorgstenestetilbodet. Innsette som ber om det, skal få tilbod om helseundersøking eller konsultasjon hos lege.
Klagemulighet
Innsette i fengsel har klagerett på same måten som resten av befolkninga. Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.
___Andre opplysninger
- Dato oppdatert
- 2012-01-31 12:28