Ergoterapeut
Frøydis Haga
Telefon: 57698720
Mobil: 99482191
Besøksadresse
Vik bygde- og sjukeheim
Fysioterapiavdelinga i kjellaren
Postadresse
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
E-post
froydis.haga@vik.kommune.no
Hjelpemiddelordninga er delt i kortidslån og langtidslån:
Korttidslån
Ved kortvarig behov for hjelpemidler, er det kommunalt hjelpemiddellager som låner ut aktuelle hjelpemiddel. Det kan vera etter ein operasjon eller ein skade, eller ved besøk/reise. Med kortvarig utlån meiner ein inntil 2 år.
På kommunalt hjelpemiddellager har me blant anna (avheng av kva som til ei kvar tid er utlånt): krykker, toalettforhøgar, dusj/toalettstol, dusjkrakk, rullestol, rullator, småhjelpemiddel som gripetang, strømpepåtrekkar og forhøgingsklossar, pute, sjukehusseng, trykkavlastande madrass, silkelaken, hjertebrett, arbeidsstol med meir.
Utlånsprosedyre:
Låntakar kvitterar på eige utlånsskjema og syter for retur av hjelpemiddel når behovet opphøyrer / evt. tek kontakt med Rehabiliteringsavdelinga for retur av hjelpemiddel.
Langtidslån
Ved varig behov for hjelpemiddel er det Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane som låner ut. Med varig utlån meiner ein behov for hjelpemiddel som strekkjer seg over 2 år eller meir grunna varig og vesentleg innskrenka funksjonsevne.
Folketrygdlova regulerer kva typer hjelpemiddel ein kan søkja og kva kriterer som må vera fylt for å låna hjelpemiddel på varig utlån.
Hjelpemiddel for varig utlån kan dekka mange ulike behov: forflyttingshjelpemiddel, hjelpemiddel i samband med bustadtilrettelegging eller arbeidsplasstilrettelegging, syns-, høyrsels- og kommunikasjonshjelpemiddel, hjelpemiddel til å organisera og strukturera dagen, hjelpemiddel i samband med bil, hjelpemiddel til eigenomsorg, med meir.Utlånsprosedyre:
Kartlegging av behov, og hjelp til å senda søknad, vert utført av tilsette i Omsorgssektoren i Vik. Dette kan vera Rehabiliteringsavdelinga, Heimetenestene eller Syns-, hørsels-, IK- eller rørslekontaktar. Det vert også sendt søknad frå andre tenesteytarar som sjukehus eller andre behandlingsinstitusjonar.
Dersom hjelpemiddelet vert innvilga, vert dei i hovudsak sendt til Rehabiliteringsavdelinga som deretter syter for å gje opplæring og leverer ut hjelpemiddelet.
Søknad om hjelpemiddel
Fysioterapiavdelinga 57 69 87 15
Ergoterapeut 57 99 87 20
Driftsoperatør 57 69 87 39 / 91 58 47 97
Hørselskontakt 57 69 87 30
Synskontakt 57 69 87 20
IK (data)kontakt 57 69 87 20
Rørslekontaktar 57 69 87 20 / 57 69 87 39
Problem med hjelpemiddel/reparasjon
Ta kontakt med Rehabiliteringsavdelinga på 57 69 87 39 / 91 58 47 97
Retur av hjelpemiddel
Ta kontakt med Rehabiliteringsavdelinga på 57 69 87 39 / 91 58 47 97
Ver gild og returner hjelpemiddel så snart behovet opphøyrer.
Publisert: tysdag 26. oktober 2010, 08:54
Oppdatert: torsdag 25. november 2010, 09:57
Skrevet av: John Ole Vange
Ergoterapeut
Frøydis Haga
Telefon: 57698720
Mobil: 99482191
Besøksadresse
Vik bygde- og sjukeheim
Fysioterapiavdelinga i kjellaren
Postadresse
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
E-post
froydis.haga@vik.kommune.no
