Tilbake til forsiden
  Vik kommune   
Vik kommune
 
Postboks 134 Sentralbord: 57 69 82 00
6891 Vik i Sogn Telefax: 57 69 82 01
  Epost: post@vik.kommune.no
English  Deutsch
Start søk


   Bibliotektenesta
Bibliotektenesta

Vik Lokalhistoriske arkiv

   Gå til samsøk

   Gå til sognekart.no

   Gå til Verdensarv

   Brann - 110   Politi - 112   Ambulanse - 113

   Last ned Adobe
Gamalostbygda

 

                                                                                                         

                                                                                         Cheese of the Vikings

Gamalosten til Tine Meieriet Vest, avd Vik.

Vik i Sogn har vore – og er framleis  ei av dei beste jordbruksbygdene i Sogn og Fjordane. Tilhøva har gjennom hundrevis av år frå naturen si side lege godt til rettes både for fehald og åkerbruk.

Gamalost og smør

Blant husdyra på garden spela nok kua hovudrolla med mjølkeproduksjon, fløyte til smør bruka til betalingsmiddel og verdimålar. Skummamjølka er råstoff til gamalost. Desse to produksjonane har i uminnelege tider levd side om side her i Sogn. Gamalosten er lagringssterk, og kunne sendast ut av nærområdet, og då særleg til Bergen. Gamalost frå Sogn vart ei etterspurd vare, og til og med kongen i København hadde sogneysta gamalost på bordet, fortel kjeldene.

Einaste gamalostysteriet i verda

Alt i 1941 kalla Vik meieri seg for «Landets største gamalostysteri», og frå 1990 vart meieriet også den einaste gamalostprodusenten innanfor TINE-familien. Vik kommune saman med TINE Meieriet Vest, SND og Vik Sparebank har i 2001 sett i gong eit 4-årig prosjekt for å få gamal
osten fram att både på norske og utanlandske matbord. Eitt av fleire tiltak er å peike på at denne osten har mange positive effektar. Gamalosten inneheld svært lite feitt og har ein helsefremjande verknad. Gamalosten er eit velprøvd kulturprodukt som fortener ein heidersplass i den norske ostefamilien. Det er for å visa fram eit heilnorsk matprodukt på den staden gamalosten vert laga at TINE no har opna eit visningssenter for gamalosten.
Osten her motteke heidersteiknet Olavsrosa. Kvart år vert det arrangert ein
Gamalostfestival i tida rundt pinse. Ansvaret for arrangementet er lagt til Vik Musikklag i samarbeid med Tine Meierier-Vest og Vik kommune.

Oppdatert program for 2010 finn du her




 

 
Sist endra: 20.05.2010
 
Utskriftsvenleg versjon  Utskriftsvenleg versjon    Tips ein ven


  Tilbake
 

epost:  post@vik.kommune.no   Telefon: 57 69 82 00    Telefax: 57 69 82 01   
L