Individuell plan er eit skriftleg verktøy som vert nytta for å sikra eit heilheitleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Brukarens målsetnad og behov vert samordna med dei ulike tenestene som vert ytt slik at ein har ein oversikt over kva ein jobbar mot, kva tidsperspektiv ein forheld seg til og kven som er ansvarleg.
Ein individuell plan gjev ikkje fleire rettigheiter, men er eit viktig samarbeidsverktøy som mange opplever som nyttig når ein har behov for fleire tenester.
Kommunen har plikt til å utarbeida individuell plan til dei som ynskjer det, og fyller vilkåra. Retten til individuell plan er heimla i fleire lover (sjå heimlar i tenesteskildring):
Individuell plan vert utarbeidd av fleire tenester i kommunen: rehabiliteringsavdelinga, psykisk helsevern, barnevern, NAV lokalt, oppveksteininga og ved helsestasjon.
Søknad
Ved ynskje om individuell plan, tek ein kontakt med tilsette i tenesta ein er i kontakt med, og får hjelp til å søkja.
Deretter vil det bli utarbeidd individuell plan saman med brukar, og oppretta personleg koordinator og eit tverrfagleg team.
Personleg koordinator har som oppgåve å vera brukarens kontaktperson i det samla tenesteapparatet og koordinera planarbeidet. Individuell plan vert revidert til avtalte tider i tverrfaglege møter der brukaren deltek.
Kontaktinformasjon:
| Namn |
Tittel |
Tlf |
Marta Liljedahl
|
Leiar rehabiliteringsavdelinga |
57 69 87 15
|
Øydis Bøthun
|
Leiar psykisk helsevern |
57 69 87 41
|
Laila Nesse Bøtun
|
Leiar teneste for utviklingshemma |
57 69 87 38
|
Anne Grethe Tveit
|
Leiar NAV Vik |
57 01 61 40
|
John Ole Vange
|
Leiar oppvekst |
57 69 82 55
|
Gunn Randi Bjørnevoll
|
Leiar barnevern |
57 69 82 11
|
Borghild Oppedal
|
Leiar helsestasjon |
57 69 87 09
|