Jakt og fiske

Laksebilete ved Vikja

Jakt

Reinsdyr
Denne jakta er i utgangspunktet berre open for innanbygds busette/grunneigarar. Det er grunneigarlaga i Vik som tildeler løyve etter søknad frå grunneigarane. Fellingskvoten kan variera mykje frå år til år. Jakta startar 20.08.og varer til ut september

Hjort
Vik kommune si plan og forvaltningsavdeling har forvaltningsansvaret for hjortejakta.
Sjå viltforvaltning.
 

Småviltjakt
Småviltjakta er open for alle som er registrerte i viltregisteret, men ein må kjøpe jaktkort.
Grunneigarlaga sel jaktkort til småviltjakta. JJ Design sel kort for nokre av områda (tlf 57 69 75 10).
Endeve sport på Voss, og Voss fjellandsby i Myrkdalen (ekspedisjonen) har òg sal av kort.
I tillegg er det mogeleg å få tak i kort på vegen inn til Kvilesteinen  (eigen kasse ved bom)
Prisar for kort og reglar for bruk av hund på jakt varierer.

Direktoratet for naturforvaltning om jakt og fangst

Fjellvatn
Du kan få kjøpt fiskekort for fiske i fjellvatna hjå JJ Design (tlf 57 69 75 10).
Grunneigarlaga ,  Endeve sport på Voss, og Voss fjellandsby i Myrkdalen (ekspedisjonen) har òg sal av kort.
I tillegg er det mogeleg å få tak i kort på vegen inn til Kvilesteinen  (eigen kasse ved bom)
Du kan kjøpe fiskekort for alle sonene eller enkelt soner - sjå kart. Kortet gjeld for fiske med stang og oter.

Lakseelva Vikja

Det er grunneigarane som i utgangspunktet disponerer fiskerettane i elva. Nokre av desse rettane
er leigd ut til Vik jakt- og fiskelag, som har vidareutleige til medlemar og andre.Vikja er rekna som eit nasjonalt laksevassdrag.

Kontakt:
Vik jakt og fiskelag er leia av Morten Jacobsen - telefon: 57 69 75 10
Laget har eiga nettside 
Her finn du meir om fiskesesongar og prisar.

Direktoratet for naturforvaltning om fiske og friluftsliv

 

 

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Anna informasjon

Web levert av CustomPublish AS