Klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon og tap av sau på beite - erstatning

Generelt

Beskrivelse

Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som er forårsaka av klimatiske forhold eller katastrofeprega tap av sau på beite.
Ved klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon kan det gjevast erstatning ved

  • avlingssvikt
  • vinterskadar på eng
  • svikt i honningproduksjonen

Erstatningsordningane har som føremål å redusere økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

Målgruppe

Landbruksføretak som

  • er registrerte i Einingsregisteret
  • er registrerte som meirverdiavgiftspliktige
  • kan levere årsoppgåve som landbruksføretak

Føretak med honningproduksjon som ikkje er registrerte som meirverdiavgiftspliktige, kan likevel få erstatning dersom dei har hatt ein omsetnad på minst 20 000 kroner innanfor honningproduksjon dei siste tolv månadene før tapet oppstod.

Kriterier/vilkår

Du får ikkje dekt tapet gjennom ei vanleg forsikringsordning eller på annan måte. For skadar i plante- og honningproduksjon er det i tillegg eit vilkår at du gjev melding til kommunen så snart som råd når det er grunn til å tru at du vil få eit tap.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Serviceerklæring

___

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Statens landbruksforvaltning. Skjemaet sendar du til kommunen.

Skjema

Avlingssvikt - klimabetingede tap
Søknad om erstatning etter offentlige pålegg og restriksjoner i plante-, honning-, og husdyrproduksjon og for tap av sau på beite
Søknad om erstatning for svikt i honningproduksjon
Vinterskade på eng

Søknadsfrist

Erstatning ved skadar i plante- og honningproduksjon:

  • ved avlingssvikt, 31. oktober det året skaden har oppstått
  • ved vinterskade på eng, 15. juli det året skaden har oppstått
  • ved svikt i honningproduksjon, 31. oktober det året skaden har oppstått

Erstatning ved katastrofetap er tre månader etter at skaden blei oppdaga eller burde vore oppdaga. For katastrofetap av sau på beite er søknadsfristen sett til 31. desember det året tapet har oppstått.

Saksbehandling

Kommunen skal uttale seg om søknaden før saka blir sendt til Fylkesmannen, som avgjer saka.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Fylkesmannen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statens landbruksforvaltning, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

___

Andre opplysninger

Dato oppdatert
2011-09-08 10:34

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Statlig informasjon

Web levert av CustomPublish AS