Kommunestyret

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ. Det vert direkte valt av folket for fire år om gongen. Kommunestyret har til vanleg møte annankvar månad, sjå møteplanen oppsett for kvar halvår. Vanleg tidspunkt for møtestart er kl. 14.30 med møtestad Kyrkjestova. Møta er opne for publikum.

Kvart møte har ein spørjetime der politikarar kan stille spørsmål til ordføraren. Du kan og få stilt dine spørsmål ved å få ein politikar til å stille spørsmålet for deg. Spørsmålet bør sendast til ordføraren minst tre dagar før møtet, slik at ordføraren kan førebu seg og dermed kunna gi eit best mogeleg svar. (Sjå elles reglementet for spørjetimen).

Kommunestyret gjer vedtak på vegne av kommunen så langt vedtaksretten ikkje er delegert til andre organ, sjå delegasjonsreglementet. Alle saker som er av prinsipiell natur skal avgjerast av kommunestyret sjølv. Dette gjeld m.a. budsjett, økonomiplan og overordna rammeplanar for den kommunale verksemda.

Kommunestyret i Vik har frå perioden 2007 - 2011. 17 representantar.

Fullstendig oversikt over medlem og kontaktinformasjon

 

Viktige lover:

Reglement:

 

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Web levert av CustomPublish AS