Kulturskule

Vik kommunale musikkskule vart etablert i 1980. Hausten 2002 vart tilbodet utvida og no er namnet Vik kulturskule.

Skulen har 13 lærarar tilsett, og vonar å dekke dei fleste behov innanfor dei lovfesta aktivitetane ein kulturskule skal ha, så som musikk, dans, drama, forming/biletkunst. Tilbodet for 2011/2012  finn du her.

Ein tek sikte på å drive ei mest mogeleg desentralisert undervisning, men tek atterhald om at alle aktivitetar kan vere samstundes på ein og same skule.

Vik kulturskule fungerer som eit kompetansesenter for Vik kommune, der ein etter kvart vil byggje opp eit nettverk basert på sal av kulturelle tenester til brukarar som t.d. skular, institusjonar etc. Med dette støttar kulturskulen opp om både den obligatoriske, og den frivillige musikk- og kulturopplæringa i kommunen.

I ei tid der korpsrørsla kjempar for å auke rekrutteringa, vil kulturskulen ha eit svært nært samarbeid med skulekorpsa i kommunen for å styrkje tilhøva for instrumentopplæring. Ved t.d. å integrere dette i skuletida ved å samarbeide med grendeskulane, vil dei som ikkje har hatt noko tilbod, få sjansen til å ta del i samspel. Ved å setje saman samspelsgrupper, med varierande besetning, og integrere samspelet i musikkopplæringa i grunnskulen, vil ein få mange spanande mogelegheiter.

Skulen sitt mål er å utvikle kulturskulen til eit musikk- og kulturfagleg ressurssenter i Vik kommune.


Tilbod Vik kulturskule 2011/2012

Tider for danseundervisning våren 2012

Kontaktinformasjon

Vik kulturskule

Rektor
Odd Roger Haugen

Telefon: 57 69 82 49

Kontortid
Måndag - torsdag
10.00 - 13.00

Postadresse
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
postmottak@vik.kommune.no

Statlig informasjon

Web levert av CustomPublish AS