Kystkultur - tilskott

Generelt

Beskrivelse

Du kan søkje om tilskott til å setje i stand freda og spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og virke langs kysten. Midla skal brukast til konkrete tiltak.

Målgruppe

I hovudsak private eigarar og forvaltarar (som kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande)

Kriterier/vilkår

Det vil bli gjort ei fagleg vurdering av dei kulturhistoriske verdiane. Kva vil tiltaket ha å seie i forhold til målet med tilskottsordninga? Det blir lagt vekt på bruk av tradisjonelle material, teknikkar og handverk og opplæring og kunnskapsoppbygging. Tilskotta blir fordelte etter denne prioriteringa:

  • tiltak som stansar og hindrar vidare forfall
  • tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det er få av

Sjå Norsk kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som blir sende dit.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Kulturminnefondet
Riksantikvaren

Partnere

Riksantikvaren , fylkeskommunen og Norsk kulturminnefond

aaa

Serviceerklæring

___

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga og om kor du skal sende søknaden.

Skjema

Kontakt fylkeskommunen for å få søknadsskjema. Norsk kulturminnefond har søknadsskjema på Internett.


Kulturminnefondet - søknadsskjema

Vedlegg

Utgreiing av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi.

Søknadsfrist

Fylkeskommunen kan opplyse om søknadsfristen. Norsk kulturminnefond har to søknadsrundar i året. Søknadsfristen er 1.2. og 1.9.

Søknaden sendes til

Søknad skal sendast fylkeskommunen som gjer ei vurdering og prioritering før søknaden eventuelt blir send vidare til Riksantikvaren. Ein kan òg sende søknad til Norsk kulturminnefond.

Saksbehandling

På grunnlag av søknadene frå fylkeskommunane fordeler Riksantikvaren tilskottsmiddel som blir sende til fylkeskommunane for vidare fordeling. Det er fylkeskommunan som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket. Styret i Norsk Kulturminnefond gjer vedtak når det gjeld søknader som blir sende dit.

Saksbehandlingstid

Fylkeskommunen og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Styret i Norsk Kulturminnefond gjer vedtak om tildeling ca. to månader etter søknadsfristen.

Klagemulighet

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Riksantikvaren er klageinstans for saker som fylkeskommunen har behandla. Før klaga blir send dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli send til Riksantikvaren for klagebehandling. Klage på vedtak i Norsk kulturminnefond skal sendast til Kulturminnefondet.

___

Andre opplysninger

Dato oppdatert
2011-08-25 15:11

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Web levert av CustomPublish AS