Landbruk

Landbrukskommune
Vik er tradisjonelt ein sterk landbrukskommune, med bærproduksjon som ei vekstnæring. 11% av innbyggjarane er sysselsett innan landbruket og landbruket er viktig for busetjing og for dei andre næringane i kommunen.

Mjølkeproduksjon og sauehald har til alle tider vore dei viktigaste driftsgreinene, og det intensive husdyrhaldet har forma det flotte kulturlandskapet vårt. Tal aktive bruk (2009) er 179. På desse bruka er det 51 mjølkeprodusentar, 66 bruk har anna storfehald og 108 bruk med sau.Heile 48 personar dyrkar bringebær og jordbær vert dyrka av 9 produsentar. Gardsturisme og vidareforedling av gardsprodukt er viktige tilleggsnæringar og me har fleire døme på vellukka prosjekt.

Oppgåver knytt til landbruk
Dei er 3 tilsette som dekker fagområda jordbruk, skogbruk, utmark, og viltforvaltning ligg under eininga Plan og forvaltning. Viktige oppgåver er td. tilskotsordningar og lovforvaltning. Ei opplisting av nokre av tenestene våre finn du i menyen til venstre.

Spesielt for Vik kommune:

  • Det er utarbeidd ein eigen tiltaksstrategi for bruk av spesielle miljøverkemiddel i Vik kommune, sjå meir under SMIL-midlar og om NMSK under skogbruk
  • Kommunen har starta arbeidet med å registrere og prioritere viktige område for jordbruk og kulturlandskap, jf lenken Kjerneområde Landbruk til venstre. Arbeidet vert vidareført i samband med ny arealdel til kommuneplanen.

Lenker
Du finn og mange eksterne lenker med informasjon frå andre offentllege sider til venstre på sidene t.d. skjema frå Statens Landbruksforvaltning. sjå og
 

Web levert av CustomPublish AS