Matrikkel - retting

Generelt

Beskrivelse

Du kan krevje å få retta, endra eller føyd til opplysningar i matrikkelen (det offisielle eigedomsregisteret). Dette er aktuelt dersom opplysningane er feile eller ufullstendige eller grunnlaget for registreringa er falle bort. Dersom feilen stammar frå andre register, som til dømes grunnboka eller folkeregisteret, skal kravet sendast vidare dit. Opplysningar om grenser som er fastsette i oppmålingsforretning (eller tilsvarande), kan berre rettast med grunnlag i ny oppmålingsforretning.

Målgruppe

Grunneigarar og festarar

Kriterier/vilkår

Du må dokumentere grunnlaget for kravet ditt om retting av opplysningar i matrikkelen. Dersom rettinga òg gjeld nabo, rettshavar eller andre partar, må du leggje ved dokumentasjon for at dei samtykker i kravet om retting.

Pris for tjenesten

Kommunen kan ikkje krevje gebyr for retting.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Serviceerklæring

___

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du set fram kravet om retting til kommunen. Dersom rettinga gjeld opplysningar som òg gjeld ein annan instans, vil kommunen sende kravet vidare for å bli avgjort der, eventuelt til uttale.
 

Vedlegg

Gjeld kravet retting av grense, skal du leggje ved kart og annan dokumentasjon som underbyggjer kravet.

Saksbehandling

Kommunen vil vurdere om det ligg føre ein feil og om du har tilstrekkeleg dokumentasjon for kravet ditt. Kravet til dokumentasjon vil avhenge av kva slags opplysningar det dreiar seg om og korleis opplysningane er henta inn opprinneleg. I mange tilfelle vil retting i matrikkelen vere ei rein administrativ oppgåve utan at det blir gjort noko vedtak. Dersom endringa har noko å seie for andre partar, skal dei bli underretta.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det.

Klagemulighet

Dersom du får avslag på kravet om retting, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok avslaget. Forklar kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

___

Andre opplysninger

Dato oppdatert
2011-09-08 10:39

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Web levert av CustomPublish AS