Digital postkasse

Me er klare, er du? - Opprett din digitale postkasse nå!

Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og få tilgang til posten din på ein trygg måte - same kvar du er i verda.

1623 innbyggjarar i Vik kommune har enno ikkje teke i bruk digital postkasse. No startar kommunen ein kampanje for å få fleire til å ta imot digital post frå kommunen.

Vik kommune er klar til å senda deg post digitalt. Målet er å auka effektiviteten i saksbehandlinga, redusera papirforbruk, redusera CO2-utslepp knytt til transport, og å minska kostnadane. Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og opprett din digital postkasse i dag. Med ein slik postkasse får du post frå kommunen og andre offentlege instansar digitalt, trygt og alltid tilgjengeleg!   


Nokre av fordelane ved å oppretta personleg, digitale postkasse:

  • Det er tryggare enn all anna postgang.
  • Det er gratis å bruka.
  • Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder. 
  • Du får viktige brev der du er – tilgang til posten over heile verda.
  • Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post.
  • Når saksbehandlinga til kommunen er ferdig, får du raskt vita resultatet.

 

Dersom du ønskjer meir informasjon, eller litt hjelp til å koma i gang med din digitale postkasse, stiller kommunen med ekstra ressursar på Vik folkebibliotek Tysdag 05. desember klokka 18:00-20:00 (Dersom me skal hjelpa deg i gang, er det viktig at du tek med deg din elektroniske ID, til dømes BankID).

​For meir informasjon kan du også kontakt Leiar for IKT og tenestetorg, Geir Svendsen, på telefon 918 49 773, eller på e-post: geir.svendsen@vik.kommune.no

Dersom du alt er klar til å oppretta digital postkasse, klikkar du på knappen nedanfor for å koma i gang!

Opprett-knapp

 

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut