Næring

Næringslivet i Vik kommune er mangfaldig med landbruk, industri, tenesteyting og reiseliv. 

Vik er tradisjonelt ein sterk landbrukskommune, med bærproduksjon som ei vektsnæring. Av dei om lag 2800 innbyggjarane er 11 % sysselsett innan primernæringane. Kommunen har om lag 180 landbruksføretak i aktiv drift og er den største i landet på produksjon av bringebær.

Vik er den 3. største industrikommunen i Sogn og 30 % av innbyggjarane er sysselsett i industrien. Kommunen er utan ei tydleg "hjørnesteinsverksemd", og har såleis eit breitt spekter av næringsliv. Kraftproduksjonen er stor.

I Vik sentrum finn ein cafèar, pub, hotell og restaurant, forretningar, bank, helsesenter mm. I dei mindre grendene i kommunen, Arnafjord, Vangsnes, Feios og Fresvik er det og ulike tilbod av daglegvarehandel og serveringsstader. Samla er 59 % av innbyggjarane i kommunen sysselsett innan tenesteyting.

Som reiselivskommune ligg Vik om lag på gjenomsnittet i fylket i høve til folketal, med ca 35 - 40.000 kommersielle gjestedøger i året. Reiselivsbedriftene i Vik kommune nyorganiserte seg i 2009 i selskapet Reisemål Vik i Sogn. Etter ein avtale med Vik kommune har selskapet ansvar for gjennomføring av reisemålsutviklingsprosjektet "Reisemål Vik i Sogn 2020".

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Web levert av CustomPublish AS