Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)

Hovudtrekk i forskrifta om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket: Tilskot skal stimulere til auka verdiskaping i skogbruket samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen vert ivaretekne og vidareutvikla.

Tilskot til NMSK gjeld td. tilskot til skogkultur, miljøtiltak, vegar, tynning,drift i vanskeleg terreng samt andre prosjekt. Vedtaksmynde for deler av ordninga ligg hjå Fylkesmannen, men søknad skal gå via kommunen.

Dei midlane kommunen får tildelt årleg skal løyvast etter

Tiltaksstrategi for bruk av spesielle miljøverkemiddel, Vik kommune 2009 - 2012 PDF document ODT document . Søknadsfristen er 1. mai.
Skjema har nummer SLF-909-N som du finn på  Statens landbruksforvaltning sine sider.

Tilskot kan som hovudregel gjevast til alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog. Kommunen kan setje vilkår for utbetaling av tilskot til det einskilde tiltak.

Då kommunen får avgrensa midlar å bruke til skogkultur, vert det uråd å fastsetje tilskotsprosenten før ein veit kva omfang skogkulturtiltaka har. Søknadsfrist 1. mai.

 

Kontaktinformasjon

Konst. landbrukssjef
Veronika Seim Bech

Telefon: 57698258
Telefaks: 57698201

Postadresse:
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
postmottak@vik.kommune.no

Besøksadresse:
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Organisasjonsnummer
937 498 764

Avdelingar

Web levert av CustomPublish AS