Tilskot til NMSK gjeld td. tilskot til skogkultur, miljøtiltak, vegar, tynning,drift i vanskeleg terreng samt andre prosjekt. Vedtaksmynde for deler av ordninga ligg hjå Fylkesmannen, men søknad skal gå via kommunen.
Dei midlane kommunen får tildelt årleg skal løyvast etter
Tiltaksstrategi for bruk av spesielle miljøverkemiddel, Vik kommune 2009 - 2012
. Søknadsfristen er 1. mai.
Skjema har nummer SLF-909-N som du finn på Statens landbruksforvaltning sine sider.
Tilskot kan som hovudregel gjevast til alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog. Kommunen kan setje vilkår for utbetaling av tilskot til det einskilde tiltak.
Då kommunen får avgrensa midlar å bruke til skogkultur, vert det uråd å fastsetje tilskotsprosenten før ein veit kva omfang skogkulturtiltaka har. Søknadsfrist 1. mai.