Jarle Christensen

Nye rektorar på plass frå hausten

Ein har no tilsett i dei ledige rektorstillingane i Vik kommune. 

Thale Halset
Thale Halset
Jarle Christensen
Jarle Christensen

Ved Flatbygdi skule har Jarle Christensen fått tilbod om stillinga og takka ja. Han kjem frå stillinga som rektor ved Feios oppvekstsenter. Han har også tidlegare vore rektor ved Fresvik oppvekstsenter. Jarle Christensen er særleg kjend i kommunen og regionen for Feios skule sitt arbeid med å  fremja god tilpassa opplæring gjennom ikt som læremiddel i skulen. Jarle Christensen har verdifull erfaring med skuleleiing når han tek over etter Ole Jørgen Øygarden. Øygarden vert frå hausten rektor ved Sogndal vidaregåande skule.
 
Ved Valsvik oppvekstsenter har Thale Halset sagt ja til stillinga som rektor. Ho har som pedagogisk leiar med styrarfunksjon samarbeidd tett med tidlegare rektor Anne Gro Stadheim.  Thale Halset er soleis godt kjend med drifta og utviklinga av barnehagen og skulen.  Ved Valsvik oppvekstsenteret har ein henta ut fagleg og pedagogisk gevinst gjennom samarbeidet mellom barnehage og skule. Noverande rektor tek til i anna stilling i Nesseby kommune.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut