Ofte stilte spørsmål ved kommune- og fylkestingsval

Klikk på spørsmåla for å finne svara

Korleis kan eg undersøkje om eg står i manntalet

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på kommunehuset i midten av juli månad

Valkort - Kva er eit valkort? Når skal eg bruke det?

Eit valkort inneheld personleg informasjon om kvar og når du skal stemme på valdagen. Valkort vert sendt ut til alle veljarane. Dersom du skal førehandsrøysta, må du ha valkort. Vi oppmodar alle til å ha med valkortet som du får tilsendt dersom du vil førehandsrøysta. Det er ikkje krav om at du skal ha valkort når du skal røyste på valdagen.

Når får eg tilsendt valkort?

Valkorta vil bli sendt ut i månadsskiftet juli/august i valåret

Kva gjer eg om eg ikkje får tilsendt valkort eller om eg har mista det?

Du kan få eit nytt ved å kontakte sekreteriatet for valstyret, Kurt Arne ( tlf. 57 69 82 46) eller Anne Guri Schrøder (tlf 57 69 82 43)

Legitimasjon. Må eg vise legitimasjon når eg røyster?

I utgangpunktet skal alle veljarar legitimere seg for å kunne røyste. Dette for å sikra gjennomføring av prinsippet om at ein veljar – ei røyst, og at røyster ikkje vert gjeve i andre personar sitt namn. Du treng ikkje vise legitimasjon dersom du og røystemottakar er kjende.

Kva er gyldig legitimasjon?

Legitimasjon kan td. vera pass, førarkort eller bankkort med bilde. Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdata og bilete.

Dersom eg ikkje skal røyste i Vik? Eg har røysterett i Vik, men skal førehandsrøysta ein annan stad. Korleis får eg tak i røystesetel for Vik kommune

Når partilistene er godkjende, vert desse lagt ut på kommunen si heimeside. Utskrift av desse vil vera gyldig røystesetel.

Førehandsrøysting. Kvar røyster eg om eg ikkje kan røyste i mitt vallokale på valdagen?

Dersom du ikkje kan røyste på heimstaden din på valdagen, må du førehandsrøysta. Dette kan du gjere enten i eigen heimkommune eller i annan kommune. Hugs at du må ha med legitimasjon for å få røyste. Ta med valkortet – det sparer deg for tid i røystelokalet.

Korleis føregår førehandsrøysting?

Prosedyren for førehandsrøysting er noko annleis enn om du avgjer røyst på valdagen. Ved førehandsrøysting vert røystesetelen lagt i ein røystesetelkonvolutt, som så vert lagt i ein ny konvolutt saman med valkortet. Før oppteljinga startar, vert valkorta skilt frå røystesetelkonvolutten. Røystesetelkonvoluttane vert lagt i ei valurne. Når oppteljinga startar, er det ikkje mogeleg å spore kven som har stemt.

Korleis skal eg få stemt dersom eg er for sjuk til å koma til vallokale?

Dei som på grunn av sjukdom eller er ufør ikkje kan røyste der det vert avhelde førehandsrøysing, kan etter søknad få førehandsrøysta der dei oppheld seg. Dette vert kalla ambulerande røysing. Søknadsfristen er ca ei veke før valdagen. Søknad kan sendast sekretæriatet for valstyret, eller ta kontakt via epost: kurt.arne@vik.kommune.no. (Tlf 57 69 82 46) Du kan og kontakte Anne Guri Schrøder på telefon 57 69 82 46 eller sende e-post: anne.guri.schroder@vik.kommune.no Tidsrommet for ambulerande røysting vert annonsert.

Når kan eg førehandsrøysta?

Du kan førehandsrøysta i Noreg frå 1. juli ( tidleg førehandsrøyst og gjeld for dei som ikkje har høve til å røyste ved ordinær førehandsrøysting ). Frå 10. august startar ordinær førehandsrøysting. Du kan førehandsrøysta i kommunehuset. Opningstid vil bli kunngjort i avisa og på kommunen si heimeside. I utlandet kan du førehandsrøysta frå 1. juli. Husk å røyste så tidleg at røysta når fram til heimkommunen din innan kl. 20.00 på valdagen 12. september.

Hjelp i samband med røysting

Veljarar som har trong for hjelp i avlukke, kan få det av ein valfunksjonær. I heilt spesielle tilfelle ( alvorleg psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne) kan ein veljar få peike ut sin eigen hjelpar i tillegg til valfunksjonæren.

Retting av røystesetelen

Ved kommunestyrevalet ( kvit røystesetel) kan du gjere slike endringar på røystesetelen:

  • Gi personrøyst med å setja kryss i rubrikken framfor kandidatnamnet
  • Gi personrøyst til kandidatar på andre lister ved å føre opp namnet og partiet i ruta på røystesetelen.
     
    Ved fylkestingsvalet ( blå røystesetel) kan du gjere slike endringar på røystesetelen: Gje personrøyst ved å setje kryss i ruta framfor kandidatnamnet Du kan gje personrøyst ( kryss) til så mange kandidatar som du ønskjer ved begge vala. Røysta di vil ikkje bli forkasta sjølv om du markerer på andre måtar, men rettinga vil ikkje bli tatt til følje.

Røysting på valdagen 12.september. Må eg røyste i den valkrinsen eg er manntalsført?

Har du røysterett i Vik kommune, kan du røyste i ein annan krins enn den du er manntalsført i. Døme: Er du manntalsført i Arnafjord krins, kan du likevel røyste i Flatbygdi krins ( på kommunehuset). Dette kallast framandrøysting.

Kvar kan eg røyste på valdagen?

På valdagen må du røyste i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2011. På valkortet ditt vil det stå adresse og opningstid for vallokalet i den valkrinsen du tilhøyrer. Adresse for vallokala i Vik kommune og opningstidene for desse vil bli utlagt på kommunen sine nettsider og annonsert i Sogn avis.

Korleis røystar eg på valdagen?

  • Finn røystesetelen du vil bruke; kvit for kommunestyrevalet, blå for fylkestingsvalet.
  • Gjer eventuelle endringar på røystesetelen
  • Brett røystesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut – då kan ingen sjå kva du røyster. Det skal ikkje brukast konvolutt eller annan omslag rundt røystesetelen.
  • Ein valfunksjonær stemplar utsida av røystesetelen. Begge røystesetlane må ha stempel for å bli godkjent.
  • Legg dei stempla røystesetlane i urna.

 

Valresultat. Kven vert vald?

Først finn ein ut kor mange representantar dei ulike partia eller gruppene får i kommunestyret eller fylkestinget. Deretter tel ein opp personstemmene for å funna ut kva kandidatar som blir valde.

Kontaktinformasjon

Sekretariat valstyret
Kurt Arne
Telefon:
57698246
E-post:  kurt.arne@vik.kommune.no

Anne Guri Schrøder
Telefon: 57698243
E-post:anne.guri.schroder@ vik.kommune.no

Postadresse:
Valstyret i Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

Besøksadresse:
Kommunehuset

Org.nr:
937 498 764


 

Statlig informasjon

Web levert av CustomPublish AS