Jambo

Velkommen til Vik kulturskule

Vik kulturskule som tidlegare hadde namnet "Vik kommunale musikkskule" vart etablert i 1980. Kulturskulen sitt daglege mål er å kunne vera eit inspirerande "veksthus" der ein i fyrste rekkje prioriterar born og ungdom i forsøket på å tilpassa læring for alle typar nivå. I tillegg til dette tilstrebar kulturskulen å kunne tilby tenester til vaksne aktørar i musikk- og kulturlivet i Vik kommune. Kulturskulen er eit tilbod til alle i kommunen, men dersom det skulle oppstå venteliste, vert born og ungdom i tillegg til dei som alt er elevar prioriterte.

I 2016/17 har kulturskulen 7 tilsette lærarar og vonar etter kapasitet å dekke så mange av dei lovfesta aktivitetane ein kulturskule skal ha. Kulturskulen har undervisning ved skular på dagtid i tillegg til enkeltelevar og grupper på ettermiddagar. Ein tek sikte på å drive mest mogleg desentralisert undervisning, men mykje av tilboda vert naturleg lagd til "Notestova" i Vik som er kulturskulens eige undervisningssentrum.

Kulturskulen er oppteken av å skape eit heilheitleg kunstnarisk tilbod med fagutdanna pedagogar og lærarar. Me legg vekt på breidde, mangfald og spisskompetanse innan ulike uttrykksformer. I dag gjev dette uttrykk i m.a. tilbod innan musikk, dans, drama & teater og idrett. Med breidde i kunstnariske uttrykksformer/samarbeidsmodellar ynskjer me å vera ei drivkraft i kommunen sitt rike kulturliv der me arbeidar mot utvikling av tilbod som kan gjenspegla det kulturelle mangfaldet vårt.

Fristane for innmelding er:

  • Hausten: 1. september
  • Våren: 1. desember

Fristane for utmelding er:

  • Hausten: 20. juni
  • Våren: 1. desember

Innmelding/utmelding finn du her.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar