Helse og omsorg

Kommunane har ansvar for å sørge for gode og forsvarlege helse- og sosialtenester til alle som treng det, uavhengig av alder eller diagnose. Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske råmer. Staten har og ansvar for å føre tilsyn og kontroll.

Vik kommune har eit helsetenestetilbod som omfattar både helsefremmande og førebyggjande tiltak, samt helsehjelp til alle som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen. Tenestetilbodet omfattar barnevern, førebyggjande helsetenester, pleie og omsorg, legeteneste, rehabilitering og sosiale tenester. 
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut