Nav Vik
Telefon: 55 55 33 33
Telefaks:57 01 61 41
Postadresse:
Nav Vik
Postboks 93
6891 Vik i Sogn
nav.vik@nav.no
Besøksadresse:
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn
Omsorgsløn er ei ordning som skal gje kompensasjon til personar som utfører særleg tyngande omsorgsoppgåver. Omsorgsløn er ikkje ei pliktmessig yting slik som tenester etter §4-2 a-d og det er difor den enkelte kommune som avgjer søknaden om omsorgsløn.
Når kommunen skal vurdere søknad om omsorgsløn, er det mange moment som er relevante. Dette gjeld m.a om omsorgsarbeidet er særleg tyngande, om omsorgsarbeidet gjeld naudsynte omsorgsoppgåver, om omsorg frå søkjaren er det beste for den som treng hjelp, samt kommunen sine ressursar. Omsorgsløn kan verte gitt som ei påskjønning for innsatsen som vert ytt, når den overstig det som er rimeleg å forvente.
Ein søkjer på kommunen sitt søknadsskjema. Dette kan ein få hjå sakshandsamar. Ein kan også søkje på elektronisk søknadsskjema .
Den som vert innvilga omsorgsløn vert utbetalt ei løn kvar månad for omsorgsarbeidet ein utfører. Det vert gjort ei individuell vurdering av kor mange timar, dvs kor stor prosent stilling ein skal få løn for pr. månad.
Den som vert innvilga omsorgsløn får utsendt ein arbeidsavtale i to eksemplar. Desse skal signerast og det eine eksemplaret skal sendast attende til kommunen. Oppgi alle personopplysningar samt syte for at opplysningane som vert gitt er korrekte.
Dersom du ikkje er nøgd med den måten du vert møtt på, bør du melde frå til leiar for pleie og omsorg.
Tenesta er vederlagsfri.
Finn du grunn til å klage på vedtaket som er gjort, ta kontakt med sakshandsamar som kan hjelpe deg vidare i prosessen. Klagen må vera skriftleg og skal innehalde grunngjeving for klage.
Den må sendast:
Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik
Dersom omsorgstenesta ikkje finn grunn til å endre på vedtaket går klagen til behandling i formannskapet i Vik kommune. Viss dei ikkje endrar på vedtaket går det til fylkesmannen i Sogn og Fjordane for endeleg avgjerd.
Vik kommune
Omsorgstenesta
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Telefon:57 69 87 36 mobil: 90 68 62 27
Publisert: måndag 13. desember 2010, 14:50
Oppdatert: måndag 27. desember 2010, 12:43
Skrevet av: Åse Berit Balvoll
Nav Vik
Telefon: 55 55 33 33
Telefaks:57 01 61 41
Postadresse:
Nav Vik
Postboks 93
6891 Vik i Sogn
nav.vik@nav.no
Besøksadresse:
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn
