Vikøyri frå sjøen

Oppstart av revisjon av kommuneplanen sin arealdel for Vik kommune. Oppstart av planarbeid

I samsvar med vedteken Planstrategi av 16.2.2017 vert det sett i gang arbeid med revisjon av kommuneplanen sin arealdel for Vik kommune. Det vert med dette varsla oppstart av planarbeidet i medhald av Plan- og Bygningslova (PBL)§ 11-12. For dette arbeidet gjeld krav om planprogram. 

Planprogrammet skal fastsetje rammer og retningsliner for planrevisjonen. I medhald av PBL § 11-13 og i samsvar med vedtak i formannskapet (sak109/17) vert framlegg til planprogram no sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Framlegg til planprogram vert lagt ut på kommunehuset i Vik og på link under.

Planprogram (pdf)
Møtebok formannskapet (pdf) sak 109/17 av 14.12.17

Etter vedtak av planprogram startar arbeidet med å utarbeida eit konkret forslag til revisjon av arealdelen i kommuneplanen. Oppstart av dette arbeidet vil verta annonsert på heimesida vår og  i Sogn Avis og med brev til høyringsinstansar. Høyring av ferdig planforslag vil verta varsla og annonsert tilsvarande som for høyring av planprogrammet. 

Merknader skal sendast til:

Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

eller som e-post til kommunen sitt postmottak: postmottak@vik.kommune.no

Merknad/innspel kan og innsendast på formularet nedanfor. Merknaden/innspelet går då direkte til kommunen sitt postmottak. Frist: 23.02.2018

 

 






Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut