Ordførar
Marta Finden Halset
Telefon
57 69 82 61
Mobilnr
90 59 25 66
Ordførararen er kommunen sin øvste politiske leiar og frontfigur. Ordføraren leiar møta i formannskapet og kommunestyret, og er kommune sin rettslege representant. Ei viktig oppgåve for ordføraren er og vere bindeledd mellom dei folkevalde og administrasjonen.
Ordføraren bur på Nese i Arnafjorden. Ho har vore aktiv i politikken sidan 1992 med unntak av ein periode. Ho er sjukepleiar med mastergrad i helseleiing og var tilsett i Helse Førde før ho vart ordførar.
Ho har alltid synt interesse for samfunnsfaget i praksis, som ho seier politikken er, og trivst godt i lag med folk. Ho er interessert i fjellet og naturen og har hytte ved Kvilesteinsvatnet i Stølsheimen der slappar ho av i ledige stunder. Ho har tre vaksne born og er bestemor til tre gutar og ei jente.
Ordføraren har kontoret sitt i kommunehuset.