Parkering for funksjonshemma

Føremål med tenesta

Parkeringsløyve er eit hjelpemiddel for personar som har eit særleg behov for parkeringslettelse på ein eller fleire stader

Kven får tenesta

Personar med vesentleg nedsett forflyttingsevne

Korleis få tenesta

Søk på skjema, eller du kan få søknadskjema på NAV kontoret.

Det vert kravd legeattest

Kva omfattar tenesta

Løyvet gir rett til å parkere på parkeringsplassar utan at du betalar parkeringsavgift, og utan at du treng å fylgja den lengste fastsette parkeringstida. (Når det ikkje er gitt melding om anna). Du får vanlgevis løyve frå to til fem år

Kva kan eg forvente

Kommunen skal innhenta dei opplysningar som er naudsynte for å ta avgjerd i saka.

Når ting ikkje fungerer

Kontakt:

NAV
Postboks 93
6891 Vik

Telefon 57 01 61 40

Plikter til brukar

Det må framleggjast legeattest

Klage

Er du misnøgd med vedtaket kan du klage på dette innan tre veker frå du mottok vedtaket.

Dersom kommunen opprettheld klaga, vert den vidaresendt til kommunen si klagenemnd.

Kontaktinformasjon

NAV Postboks 93 6891 Vik i Sogn NAV kontoret i Vik finn du i same bygg som kommunehuset. Telefon 57 01 61 40

Web levert av CustomPublish AS