Produksjonstilskott i jordbruket
Generelt
Beskrivelse
Du kan søkje om produksjonstilskott. I produksjonstilskottet inngår ei gruppe ordningar som kan gjevast til drift av
- jordbruksareal
- grønt- og potetproduksjon
- husdyrhald
Tilskottet blir gjeve etter satsar og soner som blir fastsette i eller i medhald av jordbruksoppgjeret. Føremålet med produksjonstilskott er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk.
Kriterier/vilkår
Landbruksføretaket driv vanleg jordbruksproduksjon og er registrert i Einingsregisteret og
- er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak, eller
- har hatt ein samla omsetnad og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum 20 000 kroner i løpet av dei siste tolv månadene før registreringsdato
Føretak som berre søkjer tilskott til birøkt, er unnateke frå kravet om å drive vanleg jordbruksproduksjon. Det er elles avgrensingar knytt til driftsfellesskap og eigarforhold.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
aaa
Praktiske opplysninger
Skjema
Statens landbruksforvaltning har gjort denne elektroniske tenesta tilgjengeleg i Altinn.
Altinn - Hvordan logge seg på SLFs elektroniske tjenester?
Altinn - Produksjonstilskudd i jordbruket
Søknadsfrist
20. august og/eller 20. januar, avhengig av kva for produksjonar det blir søkt om tilskott til.
Saksbehandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Dette gjeld sjølv om du har mottatt melding om vedtaket frå Statens landbruksforvaltning. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
___Andre opplysninger
- Dato oppdatert
- 2011-08-24 13:12