Psykiatriske tenester

Føremål med tenesta

Å gi menneske psykisk støtte, veiledning og behandling slik at ein får styrka evna til ein betre kvardag og livsmeistring.

Kven får tenesta

Innbyggjarar i kommunen som har akutt eller kronisk psykisk liding. Det vert gjort individuell vurdering som grunnlag for tildeling av tenesta.

Korleis få tenesta

Skriftleg søknad eller ved å ta munnleg kontakt med tenesta. Lege eller andre avdelingar i kommunen kan henvise. Henvisning kan også koma frå sjukehus eller andre deler av spesialisthelsetenesta, eller frå andre kommunar.

Kva omfattar tenesta

Me kan tilby samtalar, heimebesøk, krisehjelp. Vi har dagtilbod på kreativt senter og miljøarbeiderteneste. Me kan også gi hjelp til å finne sosiale aktivitetar, råd og veiledning både til deg og dine pårørande, samtalegrupper med meir.

Når ting ikkje fungerer

Me vil snarast mogeleg ha tilbakemelding når tenesta ikkje fungerer slik det er gjort vedtak / lovnad om; eller om hjelpebehovet har endra seg. Ta kontakt med ansvarleg leiar for tenesta, evt. med overordna leiing om det er naudsynt. Slik melding kan gjevast munnleg eller skriftleg.

Plikter til brukar

Tenesta vert gitt på dei vilkår at arbeidsmiljøet til tenesteytarane vert ivareteke. Tenestemottakar pliktar også å melde frå dersom ein ikkje er heime og hjelpa ikkje er naudsynt.

Pris

Tenesta er gratis

Heimelsgrunnlag

Lov om helseteneste i kommunen

Klage

Det er klageadgang på vedtak om heimehjelp. Klagefristen er 3 veker. Orientering om klagebehandlinga framgår av vedtaket.

Kontaktinformasjon

Søknad kan sendast til:
Omsorgstenesta, Vik kommune, pb 134, 6861 Vik i Sogn

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Web levert av CustomPublish AS