Hovudprinsippet for utrekning av gebyrsatsar renovasjon, er mengde levert avfall; dvs storleik på behaldar, tal behaldarar og hentefrekvens. Ved auka hentefrekvens vert avgifta auka høvesvis.
Eit standardabonnement vert definert som:
- 1 stk. 140l behaldar våtorganisk avfall tømt kvar 14. dag
- 1 stk. 140l behaldar for papp/papir tømt kvar 4. veke
- 1 stk. 140l behaldar for restavfall tømt kvar 4. veke
Fleire hussstadar kan (om ynskjeleg/ med lite behov) levere avfall i felles behaldarar, og såleis få særskilde reduserte gebyr. Kontakt Tenestetorget for meir informasjon.
Ved bruk av 4,5m3 og 8m3 container m.m, vert prisen rekna ut med grunnlag i standard-abonnementet. Irekna i gebyret i tabellane under er kr 60,- pr. abonnement , som er Vik kommune sin del for innkrevjing av gebyr, oppdatering av abonnementsregister m.m. Ved endring av sorteringsreglementet, kan tekstdelen i gebyrtabellane endrast av SIMAS.
Grunnlaget for avgifter renovasjon (medrekna slamtømming) vert fastsett av SIMAS. I tillegg må Vik kommune, ut frå sjølvkostprinsippet , dekka inn dei kostnadene som kommunen har etter den tidlegare renovasjonsordninga (kapitalkostnader til tidlegare investeringar og leigeavtale Røyrvik avfallsdeponi).
Dette tillegget er for 2012 sett til kr. 120, - for eit vanleg abonnement, nærings- og fritidsabonnement.
Gebyr for renovasjon og slam for 2012, vedteke av Simas i møte 28.10.11.
Prisane er inkl. mva.
| |
140 liter behaldar |
240 liter behaldar |
| Behaldarar for våtorganisk avfall med hentefrekvens kvar 14. dag |
kr 1565,- |
|
| Behaldarar for restavfall med hentefrekvens kvar 4. veke |
kr 1016,- |
kr 1426,- |
| Behaldarar for papp/papir med hentefrekvens kvar 4. veke |
kr 741,- |
kr 1036,- |
|
Type kompostering
|
Etter punkt 6.3.1 |
Etter punkt 6.3.2 |
Etter punkt 6.4. |
| Heimekompostering |
kr 391,- |
kr 235,- |
... |
| Samkompostering |
... |
... |
kr 235,- |
Døme på dei mest vanlege gebyrsatsane for renovasjon:
| Standardabonnement (pkt. 6.1.) |
kr 3323,- |
| Abonnement lik standard, men 240 liter dunk for restavfall i staden for 140 l |
kr 3733,- |
| Minimumsgebyr (pkt. 6.2.1) |
kr 2160,- |
| Abonnentar som heimekomposterar (pkt 6.2.3/6.3.1) |
kr 2160,- |
| 2 abonnentar som deler våtorganisk dunk, pr. abonnent (pkt 6.2.2) |
kr 2540,- |
| Hyttegebyr for dei abonnentane som leverer i felles container/dunk (pkt 6.6) |
kr 1329,- |
Fritidshus/feriehusvære
Eigarar/festarar av fritidshus/feriehusvære vert ikkje pålagt å sortere avfallet. Desse vert anten tilvist å levere i behaldarar/containere/bosbuer som vert sett opp på ulike stader i kommunen, eller tilvist å levere i sekk på oppgjeven stad til gjevne tider. Dei som ynskjer det eller har behov for det, kan i staden få utlevert 3 stk. 140 liter behaldarar, 1 for våtorganisk, 1 for restavfall, og 1 for papp/papir, som skal utsetjast på oppgjeven stad til gjevne tider.
Renovasjonsgebyret for fritidshus/feriehusvære vert fastsett til 40% av standardgebyret for dei som leverer avfallet sitt i felles behaldar/container/bosbuer eller sekk.
Renovasjongebyret for fritidshus/feriehusvære vert fastsett til 50% av standardgebyret for dei som leverer avfallet sitt i 3 stk 140 liter behaldarar(våtorganisk avfall,restavfall og papp/papir).