Sekretariat valstyret
Kurt Arne
Telefon: 57698246
E-post: kurt.arne@vik.kommune.no
Anne Guri Schrøder
Telefon: 57698243
E-post:anne.guri.schroder@ vik.kommune.no
Postadresse:
Valstyret i Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
Besøksadresse:
Kommunehuset
Org.nr:
937 498 764
Røysterett
Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2011, og som nokon gong har vore registrert som busett i Noreg. Det er utan betydning om dei er registrert som busett i utlandet på valdagen.
Statsborgarar i andre nordiske land som har fylt 18 år innan utgangen av 2011, dersom dei vart registrert i folkeregisteret som busette i Noreg seinast 30.juni i 2011, og framleis bur i landet på valdagen.
Andre utanlandske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2011, dersom dei har stått innført i folkeregisteret som busette i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen.
Alle som skal røyste, må vere innført i manntalet. Manntalet er oversikt over dei som har røysterett i kommunen. Du står i manntalet i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30.juni 2011. Har du flytta, er det framleis adressa 30.juni som avgjer i kva kommune du har røysterett.
