Vik kommune har i dag 5 skular men SFO-tilbod på kvar av dei. Tilbodet og innhaldet i skulefritidsordninga vert til ei kvar tid styrt av opplæringslova med forskrifter og kommunale vedtekter for SFO. Rammene for SFO kan vera noko ulike frå skule til skule.
Samordna opptak
Vik kommune har eit samordna opptak for alle skulefritidstilboda. Hovudopptak til SFO blir annonsert januar / februar med søknadsfrist 1 mars.
Elektronisk søknad
Du søkjer elektronisk om plass i SFO. Ta kontakt med servicetorget på tlf 57 69 82 81, eller på e-post til: postmottak@vik.kommune.no om du treng hjelp til å søkje
Skulefritidsordninga har dette tilbodet (timar pr.veke):
- 6 t-10,5 t
- 11t-13,5 t
- 14 t-19,5 t
- 20 t og oppover
Måltid
Barna har med seg frukost og evt. ettermiddagsmat, mjølk og juice får dei kjøpa på SFO.
Lenkjer
Vedtekter for skulefritidsordning i Vik kommune