Sjukeheim - langtidsopphald

Føremål med tenesta

Å gi tryggleik til personar som har omfattande behov for pleie, omsorg og tilsyn heile døgeret og treng eit butilbod som gir slik teneste.

Kven får tenesta

Fortrinnsvis eldre som har omfattande psykisk og eller fysisk helsesvikt

Korleis få tenesta

  • Ved direkte søknad til kommune
  • Ved søknad formidla i samband med sjukehusopphald
  • Ved søknad formidla av andre samarbeidsinstansar i kommunen; lege, heimesjukepleie, rehabiliteringstenesta m.m.
  • Du kan ta kontakt muntleg eller skriftleg med omsorgstenesta.

Kva omfattar tenesta

Døgn - opphald på sjukeheim.

Kva kan eg forvente

-Å få hjelp til å dekka dine grunnleggande behov for livsopphald. Du vil få regelmessig kontroll av lege og tannlege, kost tilpassa dine individuelle behov, tilbod om sosiale aktivitetar. Du vil også få den medisinske behandling og rehabilitering som du måtte ha trong for. -Me kan tilby dementavdeling dersom det er indikasjonar på at du treng det.

Når ting ikkje fungerer

Kontakt leiar for den avdelinga du høyrer til munntleg eller skriftleg.

Plikter til brukar

Dersom ein annan søkjer i din stad, må vedkomande ha fullmakt. Ved å bu i eit felleskap set det krav til respekt for dei andre som du bur saman med. -Regelverk som går på sikkerheit pliktar du å overhalde, t.d. gjeld dette brannførebyggjande tiltak.

Pris

Vederlagsforskrifta vedteken av stortinget legg føresetnader for størelsen på eigenbetaling til kommunen

Heimelsgrunnlag

Tenesta er lovpålagd Forskrift for sjukeheim og buform for heildøgns omsorg og pleie Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenestene Forskrift om vederlag for opphold i institusjon m.v. Forvaltningslova Kommunehelsetenestelova Pasientrettighetslova kap. 7

Klage

•Klage over vedtaket skal sendast til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. •Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. •Klagen skal oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for dette. Kommunen vil kunne gi rettleiing. •Klagen skal sendast den instansen i kommunen som har behandla saka. Står kommunen si avgjerd ved lag, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket. Mottakaren av helsetenester kan også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren, slik at saka kan løysast på lågaste nivå.

Kontaktinformasjon

Vik kommune, omsorgstenesta, postboks 134, 6891 Vik i Sogn

Kontakt oss

Telefon: 57 69 82 00
Telefaks: 57 69 82 01
Legekontor: 57 69 87 00

Teknisk vakt utanom
opningstid
: 57 69 51 11

Postadresse
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
post@vik.kommune.no

Besøksadresse
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Opningstider
16. sept. - 30. april   kl. 0800 - kl. 1600
Sommartid
01. mai - 15. sept.  kl. 0800 - kl. 1500
 

Organisasjonsnummer
937498764

Web levert av CustomPublish AS