Føremålet med skulehelsetenesta
Skulehelsetenesta er ei lovpålagd teneste som skal gi eit heilskapleg tilbod til barn og ungdom mellom 6-16 år.
Føremålet med tenesta er å fremja eleven si helse fysisk, psykisk, sosialt og å førebyggja sjukdom og skade.
I samarbeid med heim og skule skal skulehelsetenesta arbeide for å løysa dei helsemessige behov som knyter seg til skuleeleven sin situasjon.
Tenesta skal medverke til at den einskilde elev seinare i livet på eiga hand skal kunne velja det som tener helsa best, og utnyttar og utviklar ressursane sine.
Fagleg innhald og organisering
Skulehelsetenesta omfattar
- Helseundersøking
- Vaksinering
- Rådgjeving/rettleiing
- Opplysnings- og miljøarbeid
Ut frå lovverk og forskrifter vert det sett krav til ei fagleg forsvarleg teneste.
Tenesta bør tilpassast eleven sin alder og behov, geografiske tilhøve.
Helseundersøking/tiltak på ulike klassesteg:
Dette er ein førebels oversikt over noverande tiltak, det kan verta endringar.
Skulen, elevar og føresette får informasjon på førehand.
I 1. klasse vert alle elevane undersøkt av helsesøster og lege, elles får elevane tilbod om målretta helseundersøking tilpassa behov og risiko.
1.klasse:
- Helseundersøking av alle elevane hjå helsesøster og lege på helsestasjonen
- Foreldreskjema - samtale med barnet og foreldre/ føresette
- Syn, høyrselstest, vekt, høgde
- Generell motorisk vurdering av fysioterapeut på skulen
2.klasse:
Vaksinering DTP - IPV (påfyllingsdose difteri, stivkrampe, kikhoste og polio)
Informasjon vert gitt på førehand
3.klasse:
- Samtale med eleven om helse og trivsel
- Høgd og vekt.
- Syn- og høyrselskontroll
5.klasse:
- Helseopplysning i klassen: Korleis tek vi vare på kroppen vår?
- Kosthald og fysisk aktivitet
6.klasse:
- Foreldreskjema.
- Syn- og høyrselstest
- Vekt og høgde
- Samtale og info. Materiale om pubertet, kosthald, skulemiljø.
- MMR vaksine. Informasjon vert gitt på førehand.
7. klasse:
- HPV vaksinasjon av jentene (3 doser, kun jenter)
Informasjon vert gitt på førehand
8 klasse:
- Samtale og info.materiale om ungdom i utvikling, skulemiljø, eigenomsorg, grensesetting
- Vekt og høgdemåling
- Målretta helseundersøking ved behov
9.klasse:
- Undervisning psykisk helse del 1.
10.klasse:
- Poliovaksine. Informasjon vert gitt på førehand
- Målretta helseundersøking ved behov.
- Helseopplysning og info. om seksuelt overførbare sjukdomar og prevensjon
- Undervisning om psykisk helse del 2 - helsesøster og psykiatrisk sjukepleiar.
Helsesøster kan vera tilgjengeleg med helseopplysning/undervisning i grupper/klasse òg på foreldremøter etter behov.
Helsesøster har òg samtale med klassekontakt på dei ulike klassestega.
Turnuslege er og tilgjengeleg ved behov
Aktuelle tema kan vera
- Kosthald
- Førstehjelp
- Ulukker/skader
- Pubertet
- Røyk/rus
- Seksualitet og prevensjon
- Psykisk helse
- Infeksjonssjukdommar
- Vaksineinformasjon
Kontaktinformasjon
| Namn |
Telefon |
| Inger Lise Fjørestad, leiande helsesyster |
57 69 87 11 |
| Gunvor Refsdal, helsesyster |
57 69 87 09 |
Opningstider
| Dag |
Kontorstad |
Opningstid |
| Måndag |
Skulen |
08.30 - 12.00 - telefon 57 69 80 47 |
| Måndag - fredag |
Helsetunet |
08.00 - 16.00 (sommartid fram til kl 15.00) |