Dette er enkelt ved å logge inn i Altinn, sjå rettleiing i brev frå SLF. Du brukar kanskje litt tid første gongen, men neste gong vert det lettare og raskare og etterkvart vert det ein vane…
Søknader som er levert elektronisk har ofte færre feil enn søknader levert på papir, fordi fleire av opplysningane i søknaden kan kontrollerast før dei vert levert. Du kan skrive ut kopi av levert søknadsskjema og sjå tidlegare søknader som er levert.
Mykje tyder på at papirskjema er på veg ”ut”, og det vert satt i verk fleire tiltak frå SLF komande år for å auke talet på elektroniske søknader. Det vert m.a. vurdert å ikkje lenger sende ut førehandsutfylte papirskjema frå 2013.
Vi viser til meir informasjon på nettsidene til Statens Landbruksforvaltning (SLF):www.slf.dep.no .
Link til informasjonsbrev frå SLF: informasjonsbrev fra SLF
Link til rettleiing for pålogging: Veiledning til pålogging via Altinn