Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Kommunen løyver tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet samt redusere ureining frå jordbruket, utanom det ein kan vente gjennom vanleg landbruksdrift.

Søknadsskjema frå Statens landbruksforvaltning skal nyttast. Som vedlegg til skjemaet skal det vere ein omtale av prosjektet, kartutsnitt og kostnadsoverslag.

Dersom prosjektet gjeld eit verneverdig bygg skal det vere med ei planteikning. For søkjarar som er pålagd å ha miljøplan skal miljøplan trinn 2 også leggjast ved søknaden.

Søknadsfristen er 1. mai og det er kommunen som har vedtaksmynde.

Skjemaet har nummer SLF-430-N og du finn det på Statens landbruksforvaltning sine sider.

Søknadane blir prioritert i samsvar med Tiltaksstrategi for spesielle miljøverkemiddel, Vik kommune 2009 - 2012.

Kontaktinformasjon

Konst. landbrukssjef
Veronika Seim Bech

Telefon: 57698258
Telefaks: 57698201

Postadresse:
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
postmottak@vik.kommune.no

Besøksadresse:
Kommunehuset
6893 Vik i Sogn

Organisasjonsnummer
937 498 764

Avdelingar

Web levert av CustomPublish AS