Brukarstyrt personleg assistanse
Kva er Brukarstyrt Personleg Assistanse?
Du får rolla som arbeidsleiar og påtek deg eit større ansvar for organisering av tilsette og innhald i forhold til dine behov. Dette innan det antall timar kommunen har vedtatt. Tenesta er knytt til deg som person, og ikkje bustaden.
Kven kan søkje?
Dersom du er eldre og/ eller funksjonshemma, eller av andre grunnar har behov for nødvendig helsehjelp. Høve for å få brukarstyrt personleg assistanse er ikkje avgrensa til bestemte funksjonshemmingar, diagnoser eller liknande så lenge funksjonshemminga ikkje hindrar deg i å utøve nødvendig brukarstyring.
Finnast det fleire måtar å organisere dette på?
- Alternativ 1:Du er både arbeidsgjevar og arbeidsleiar, og kommunen utbetalar driftstilskot til helsetiltaket ditt. Du må registrere tiltaket som eit firma. Her har du sjølv ansvar for tenestetiltaket.
- Alternativ 2: Du er arbeidsleiar, og kommunen er arbeidsgjevar. Dei tilsette mottek løn frå kommunen, og oppsett av turnusar og arbeidsplan foregår i samarbeid med kommunen.
- Alternativ 3: Du er arbeidsleiar, og eit firma er arbeidsgjevar, og betalar ut løn til dei tilsette. Du set opp turnus og arbeidsliste i samarbeid med dette firmaet. Vanlegvis er dette firma som er spesielt retta mot denne typen verksemnd.
Kva kan denne tenesta innehalde?
Ordninga kan omfatte både hushaldsoppgåver og direkte personleg bistand med t.d. påkledning, hygiene, mat o.l. Oppgåver som blir utført med heimel i Sosialtenestelova § 4-2 a (tradisjonelle "heimehjelpsoppgåver") kan inngå i ordninga. Tenester som krev medisinsk fagleg kompetanse skal normalt ikkje inngå i tildelinga av brukarstyrt personleg assistanse.
Kan tenesta kombinerast med anna teneste?
Tenesta kan kombinerast med ulike tenester, der dette gir den mest hensiktsmessige hjelpa. Såleis kan brukarstyrt personleg assistent kombinerast med t.d natteneste, sjukepleiefagleg bistand, funksjonsassistent, støttekontakt/treningskontakt eller heimehjelp.
Finnast det øvre eller nedre grense for tenestebehov for å få denne tenesta?
Det er ikkje sett noko nedre grense for bistandsbehovet for å kome inn under ordninga, men det er ein føresetnad at bistandsbehovet er så omfattande, eller av ein slik art, at det meir formålstenleg kan ivaretakast gjennom denne ordninga enn gjennom meir tradisjonell omsorgsteneste. Målet er at du skal får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonshemming.
Kva fordelar kan ei slik ordning ha?
Målet er at du skal får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonshemming.
Inneber ordninga krav og plikter til meg som tenestemottakar?
Avhengig av kva type organisering du vel, så vil ordninga innebere litt ulike krav og plikter. Men i alle ordningane inneber det at du må delta på kurs, og sette deg inn i regelverk for arbeidstidsordningar, arbeidsmiljølova og turnus. Det er og hjelp å få undervegs i det daglege arbeidet som arbeidsleiar både gjennom kommune og eit ressurssenter som arbeider spesielt med dette.
Kva type hjelp femner tenesta om heilt i detalj?
Hjelp til å stå opp, og legge deg, personleg hygiene, dusj, bad, hårvask, hjelp til å ete og drikke, toalettbesøk, hjelp til å handle mat, vask av klede og husvask etter behov.
Kva type hjelp inngår vanlegvis ikkje?
Transport, fylgje til lege, vedhogging, snømåking, lufte tunge tepper, flytte tunge møblar, hjelp til flytting, nedvask av hus, klargjering og rydding etter gjestar, vask av vindu, stryke klede, rydde og vaske etter husdyr.
Er tenesta gratis?
Den delen som kjem inn under kategorien heimehjelp må det betalast enten timepris eller abonnementspris for. Prisen er avhengig av inntekta til husstanden din.
Må eg ha bestemt utstyr i husværet mitt?
Ja, du må ha vaskemaskin, tørketrommel, støvsugar med langt skaft, moppar/vaskeutstyr, vaskemiddel, klutar, bøtte, microbølgeovn.
Kan eg få hjelp til å søkje om dette?
Ja, du kan henvende deg til Heimetenesta, og be om hjelp til å søkje.
Kan eg klage dersom eg får avslag?
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter Kommunehelsetenestelova klage til kommunen, og deretter til Fylkeslegen. Du kan klage innan 3 veker frå mottak av vedtaket. I klagen må du forklare kva du klagar på . Du bør skrive kva du ønskjer endra og grunngje dette. Kommunen kan rettleie deg. Klagen skal sendast til den instansen som har handsama søknaden og gitt deg svaret/vedtaket du klagar på. Dersom instansen held fast ved avgjerda vert den handsama i kommunen sitt klageutval, for så å bli sendt til Fylkeslegen for endeleg avgjerd.