Språkopplæring - særskilt for minoritetsspråklege elevar
Generelt
Beskrivelse
Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk kan søkje om særskilt norskopplæring til dei har gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen. Dersom det er nødvendig, kan elevane også ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Dette kan gjelde nytilflytta og andre minoritetselevar med svært avgrensa norskkunnskapar. Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skule enn den eleven går på.
Målgruppe
Elevar frå språklege minoritetar i grunnskule og vidaregåande skule
Kriterier/vilkår
- Eleven må ha anna morsmål enn norsk og samisk
- Eleven har ikkje gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege undervisninga
- Det må vere eigna undervisningspersonale i kommunen (dette gjeld morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring)
aaa
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du kan kontakte kommunen (grunnskulen) eller fylkeskommunen (vidaregåande skule) for å få hjelp til å søkje om språkopplæringa.
Saksbehandling
Kommunen/fylkeskommunen skal kartleggje kva dugleik du har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal òg utførast undervegs i opplæringa, som grunnlag for å vurdere om du har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa.
Saksbehandlingstid
Kommunen (for grunnskulen) og fylkeskommunen (for vidaregåande skule) har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Klagemulighet
Dersom kommunen/fylkeskommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/fylkeskommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule). Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
___Andre opplysninger
- Dato oppdatert
- 2011-09-08 10:40