Startlån bustad
Generelt
Beskrivelse
Dersom du har etableringsproblem, kan startlånet bidra til at du kan skaffe deg ein nøktern, god heilårsbustad. Startlånet blir gjeve
- som topp- eller fullfinansiering ved kjøp av bustad
- til utbetring av noverande bustad
- til refinansiering slik at husstanden kan bli buande i noverande bustad
- til toppfinansiering ved bygging av ny bustad
Målgruppe
- unge i etableringsfasen
- barnefamiliar
- einslege forsørgjarar
- funksjonshemma
- flyktningar og personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag
- økonomisk vanskelegstilte husstandar
Kriterier/vilkår
Busituasjonen din er ikkje tilfredsstillande. Du må kunne dokumentere kva husstanden kan betale samla og vere i stand til å betene renter og avdrag på lånet.
Pris for tjenesten
Lånet følgjer rentevilkåra i Husbanken.
Partnere
Tilbodet er utvikla i eit samarbeid mellom KS, Husbanken, Sparebankforeningen, Finansnæringens hovedorganisasjon og staten.
aaa
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du må sende skriftleg søknad med dokumentasjon til kommunen for å få startlån. Søknadsskjemaet får du ved å vende deg til kommunen eller via lenkja under. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til til å søkje om startlån.
Skjema
Startlån - søknadskjema
Vedlegg
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held kommunen fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen for behandling.
___Andre opplysninger
- Dato oppdatert
- 2011-09-08 10:59